Bryne Næringsforening og Brynes Vel

FULLT. Trette menn-marsjen | ei vandring over Jæren

15.01.21: Arrangementet er fullteikna.

Dette vert ein skikkeleg “jærsk idyll i januar”-marsj som passar for kvinner og menn i alle aldrar. Me går frå Garborg si skrivestove i Knudaheio til Bryne torg. Ruta byr på variert terreng over gamle kjerrevegar og traséar mellom Undheim og Bryne. 

Namnet speler på Arne Garborg sin roman Trætte Mænd frå 1891. Boka tek føre seg vandring på mange plan, frå vandring i bygater til vandring i tankar og kjensler. Trette menn-marsjen speler på dette i konkret forstand: me går oss gjerne trøytte.
I mål på Bryne torg får me servert ein 1800-talsinspirert rett frå luka til Hemmeleg restaurant. Han vil vera både nærande, lokalprodusert og enkel å eta ståande (eller sitjande på sitteunderlag). Dei som ikkje har gått, men som ønsker å smaka, kan kjøpa. Luka er open frå 13.30-16.30.

Påmeldingsfrist: 15. januar 2021. Meld deg på snart, det er begrensa med plassar
Påmelding: lilliansutne@gmail.com eller til Snakk! via Facebook
Start: Søndag 31. januar kl. 09.00
Stad: Oppmøte på Knudaheio, Undheim 
Lengd: 12-13 km (me reknar med at alle er framme på Bryne torg innan klokka 15.00)
Billett: 200 kroner (inkludert mat frå Hemmeleg). Betalingsinfo blir gitt med påmelding.
Vêrforbehold: Ligg det an til skikkeleg skitvêr, vert marsjen avlyst og billetten refundert.
Praktisk info: Me legg inn to-tre stopp langs vegen, blant anna med tankepåfyll knytt til Arne Garborg eller lokalhistorie. Det kan vera lurt å ta med sitteunderlag og niste. Me anbefaler gode sko, gjerne fjellsko.

Arrangør: Jarle Skjæveland og Snakk! i samarbeid med Garborgdagar

Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfatterlag.