Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Åpent medlemsmøte i Leiv Eiriksson Lodge

Ernst Berge Drange

Føredraget vil ta føre seg studiet av den gløymde historia om nordmenn i den nederlandske kolonien Ny Nederland, dagens New York State (med litt meir). Dette var folk som først reiste frå Noreg til Amsterdam, eller andre plassar i den hollandske republikken, og så vidare derfrå til kolonien. I den eldste tida, 1620- og 1630-talet,var nordmennene pionerar i Ny Nederland innafor trelast, sagbruk og villmark. Dei hadde teke hollandske namn og reiste over som hollendarar. Difor har det òg delvis vore vanskeleg å identifisera kven som var nordmenn, og det er framleis ei utfordring. Samstundes vert stendig nytt kjeldemateriale gjort tilgjengeleg, transkribert frå dei hollandske original-tekstane, omsett til engelsk og mykje av det blir lagt ut på verdsveven.

Helsing Ernst

Velkommen til foredrag, musikk, sang, kaffe og godt drøs! Inngangspenger kr. 80 for medlemmer, kr. 100 for andre. Ved pianoet sitter Kari Nævra Ree.

Legg inn neste møte i kalenderen din.

iCalendarGoogle CalendarOutlookOutlook OnlineYahoo! Calendar