Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Gudleiv Bø: Jesus frå Jæren. Arne Garborgs kristendom.

 

Arne Garborg voks opp som kristen, og steig fram i det offentlege livet som ein kristen intellektuell. Men han utvikla seg snart til ein engasjert kyrkjekritikar. I det kjende essayet "Troen på livet" frå 1895 argumenterer han for at "ærefrykt for livet" er ei form for religiøsitet. Vidare utover på 1890-talet held han fram kyrkjekritikken sin, samstundes som han lanserer ein alternativ kristendom - først og fremst basert på evangelia sine forteljingar om Jesus frå Nasaret . Foredraget legg særleg vekt på det som skjer med Garborgs livssyn etter "Troen på livet" og er ein del av Garborgdagane 2019.

Gudleiv Bø (f.1939) frå Bærum var professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo fram til han gjekk av for aldersgrensa i 2009. Han har gitt ut bøker om Garborg, om Ibsen, om folkedikting og populærlitteratur og om den nasjonale tematikken i norsk litteraturhistorie. Boka «Jesus fra Jæren», som tittelen på foredraget er henta frå, kom i 2018.

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,- . Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.