Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Jostein Magnussen: «Tingenes internett», kunstig intelligens og stemmestyrte dingsar

Representerer internett løysinga på verdas problem eller starten på undergangen?
 
Dei fleste er einige om at utviklinga av nye teknologiar går fort, men det er mange ulike meiningar om kva retning dette tek oss menneske i. Nettgründar Jostein Magnussen tek i foredraget for seg tre ulike teknologiar, går gjennom korleis dei verkar og kva dei kan brukast til nå og i framtida. Så inviterer han til diskusjon om kva konsekvensar dette vil ha for oss som enkeltmenneske og samfunn.
 
Jostein Magnussen (f. 1973) frå Bryne er cand. polit. i psykologi frå NTNU. Han starta digitalbyrået Netlife i 2001. Det har nå 100 tilsette og jobbar med digitale løysingar for store norske bedrifter og offentlege verksemder. Jostein held 20 - 30 foredrag i året for alt frå bankbransjen til energibransjen og dei som digitaliserer det offentlege.

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,- . Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.