Bryne Næringsforening og Brynes Vel

"Ane Olina Garborg - dikterens mor" | Sigbjørn Reime

Stad: Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek
Pris: 100 kr
Arrangør: Garborgdagar
KJØP BILLETT

«Ane Olina Garborg – dikterens mor». Foredrag om Arne Garborgs mor ved Sigbjørn Reime

Mangt er både sagt og skrive om Arne Garborg og oppveksten hans i heimen på Garborg; ikkje minst av han sjølv. Mykje er biografisk, men han har òg dikta om det i romanane sine.

Faren var den dominerande personen gjennom barneåra hans, og hans liv og lagnad finn me i den store romanen Fred, eitt av hovudverka i den norske bokheimen.

Men det finst ein annan, på fleire måtar like viktig figur, i både Bondestudentar, Fred, Haugtussa og Den bortkomne Faderen, nemleg «ho mor». Mor til diktaren har òg fått sine litterære ettermæle i fleire av verka hans, litt meir tilbaketrekt, men likevel som eit bilete på det trygge og uforanderlege – og dermed svært viktige ankerfestet for dei mange borna i den turbulente heimen.

Ane Oline Jonsdotter var ei rakrygga og flott kvinne som var tru mot dei løfta ho hadde gitt, og ei mor som betydde svært mykje  for dei som stod henne nærast gjennom tunge og vanskelege år. På gravsteinen står det: «Ane Olina Garborg – dikterens mor».

Det er hennar liv og lagnad Sigbjørn Reime vil fortelja om i laurdagstimen under årets Garbordagar.

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.