Konsert

Silo & Saft // Storstova

lørdag 07. november 2026
kl. 20:00 - 21:30


Hvor: StorstovaMer informasjon/påmelding her

Direkte frå USA-turné til Storstova!

Silo & Saft er eit band frå Varhaug som spelar jærsk viserock. Bandet starta i det små i 1999 og gav ut maxisingelen Fyssteslåtten. I 2001 vart fullt band etablert, og etter kvart kom den første LP-plata, Aenslåtten. Bandet har gitt ut følgjande album: Fyssteslåtten, Aenslåtten, Langs 44, VSOP og Samleslåtten.

Bandet har store lyttartal på Spotify, og musikken har blitt allemannseige på Jæren og omegn. Musikken går vidare gjennom generasjonar og er i dag minst like populær som for 20 år sidan. Bandet sine mest kjende låtar er Langs 44, Skjævelandsbrunå, Traktor, Aenslåtten og Samdrift. Det blir alltid topp stemning når Silo & Saft står på scena!

Når dei kjem til Storstova denne dagen har dei akkurat kvitta seg med jet-laget etter haustens USA turne, så forvent både eit band i storform og med nye skrøner!

Bryne