Det umoglege! Romkappløpet frå 1961 til 1972

kl. 19:00 - 20:00
Hvor: Time bibliotek Hetlandsgata 11, 4344 BryneMer informasjon/påmelding her
Når vi går saman, finst det nesten ingen grenser for kva vi kan få til! Eit inspirerande foredrag!
Å skildra det umoglege kan gjerast på mange måtar. Fly- og romfartsentusiast Leidulf Heskje brukar NASA sitt romprogram, romkappløpet og særleg Apollo‑programmet med månelandinga i juli 1969 som høgdepunkt som døme på dette.
I si berømte tale til Kongressen i mai 1961 sa John F. Kennedy at innan tiåret var omme skulle dei senda eit menneske til månen og få vedkomande trygt tilbake til jorda. I 1961 var dette eit ekstremt ambisiøst mål, rekna som umogleg. Dette er eitt av mange døme på at vi menneske kan få til det umoglege på relativt kort tid når vi har eit klart mål og går saman.
Ikkje gå glipp av dette spennande og inspirerande foredraget!
Gratis!
Foto: Privat