Foredrag

Litterær lunsj: Nokre utdrag frå ei ung brynejente sine dagbøker under 2. verdskrigen

torsdag 07. mai 2026
kl. 13:00 - 14:00


Hvor: Time bibliotek Hetlandsgata 11, 4344 BryneMer informasjon/påmelding her

Fem år med krig sett gjennom augo til ei ungjente på Bryne

Åslaug Rommetveit på Bryne var bare 16 år då 2. verdskrig braut ut og ho skreiv dagbok alle fem krigsåra. Her får me nokre utdrag frå dagbøkene. Det er ikkje dei store hendingane frå den vide verda ho fortel om. Det er kvardagslivet mellom vanlege menneske som her kjem fram gjennom opplevingar, tankar og refleksjonar til ei som var ungjente den gongen. Mange vil nok kjenna seg att i slik krigsåra arta seg i landet vårt. Det som var spesielt var at Åslaug skreiv ned det som hende og tankar ho gjorde seg og tok vare på det.

Det er dottera og lokalhistorikaren Marit Rommetveit Staveland som held foredraget.

Gratis!

Foto: Privat

Bryne