Livsgledefrukost for Næringslivet

kl. 08:30 - 10:00
Hvor: Rits kafè og vinstove
Velkommen til ein frukost litt utenom det vanlige. Det er russen og Bryne Næringsforening som har slått seg saman for å formidla ein god sak kombinert med mingling, god mat og opplevinga det er å sjå nær 2000 av våre ungdommer stå på for å gjere noko viktig for andre.
Denne frukosten er ikkje meint berre for dei som er med på økonomisk bidrag, men óg for dei som berre vil visa at dei heier på «positiv russ», har lyst å høyre litt om kreftforeninga sitt arbeid, og oppleva eit innlegg frå aksjonsgruppa blant Russen. Absolutt verdt tida, dette er dei som skal bygga samfunnet vårt vidare!
Påmelding i skjema under og velkommen til ei koseleg stund på Rits.
KL 10.00, altså rett etter frukosten, arrangerer nemleg Brynerussen årets «Livsgledesløp». Eit initiativ russen har årleg med formål om å samla inn penger til eit godt formål. Årets innsamlingsaksjon er øyremerka kreftforeningen og deira arbeid med gentesting.
Årets russ ønsker å stå for «positiv russ» haldningar, og alt arbeidet med løpet og innsamlinga er gjort som frivillige. Dette er ein innsamlingsaksjon som inkluderer alle aldergrupper på vidaregåande i ein god sak, og dei håper også dette året å få med seg lokale bedrifter og lokalsamfunnet øvrig for å gjera ein innsats!
«Pengane fra Kreftforeningens innsamlingsaksjon i åra 2024 – 2027 går til å gje fleire kreftpasienter tilgang til gentest – ein avansert diagnostisk teknologi som kan åpna for nye behandlingsmuligheter og gje et lenger liv til fleire.»-kreftforeningen
https://innsamlingsaksjonen.kreftforeningen.no/fundraisers/brynerussen-2026
Påmelding
Se hvem som er med
| Navn | Organisasjon |
|---|---|
| Stig Erlend Eidså | Green Mountain |
| Kenneth Lia | Bryne næringsforening |
| Iren Førland | Kulturbanken |