Vilde Bye i Litlastova // Storstova

Ho er frå Tromsø, men har spelt inn plate i Egersund. Nå kjem ho til Storstova!
Vilde Bye er ung og framstormande artist frå Tromsø som allereie har markert seg tydeleg, både i heimfylket og elles i landet. Både debut-EP-en hennar frå 2022 og det Torgeir Waldemar-produserte debutalbumet frå 2024 fekk strålande kritikkar i både riksdekkande og lokale medium som Dagsavisen, Klassekampen, VG, Musikknyheter og iTromsø. Plata hamna òg på ei rekkje årslister der musikkjournalistar oppsummerte plateåret 2024.
Det neste albumet hennar er spelt inn i Egersund, med Frode Strømstad (I Was A King, Tønes, Beachheads) som produsent, og vert sleppt 20. mars 2026.
I mellomtida har ho også gitt ut ein splitsingel med Dag Vagle, laga filmmusikk og sleppt ei live-EP frå Blårock i Tromsø – alt tilgjengeleg på straumetenester.
Vilde har gjort ei mengd konsertar på klubbar og festivalar over heile landet, og har vore support for fleire nasjonale storleikar og internasjonale artistar. Både releasekonserten på Blårock i 2024 og konserten hennar under Buktafestivalen i Tromsø i 2025 fekk terningkast 6 av Bladet Nordlys. Her vart ho samanlikna med namn som Adrianne Lenker og Townes Van Zandt – ei fjør i hatten for ein ung artist på veg opp.
Sidan den gong har ho turnert tett, frå små bygder til dei største byane, og ryktet om hennar utrykksfulle og inderlege konsertar har spreidd seg over landet, og her i distriktet godt hjulpe av fleire opptredener på Egersund visefestival. På scena er ho både nær, rå og presis – med ei formidlingsevne som grip publikum umiddelbart. Ho vekslar elegant mellom det vare og det kraftfulle, og skapar ei atmosfære som både samlar og rører.