Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Rosseland Ballklubb

Telefon 909 52 017 Område Rosseland
Nettside https://rosselandbk.no/ Adresse Dronning Mauds gt 1, 4344 Rosseland
E-postpost@rosselandbk.no

Rosseland Ballklubb er ein breddeklubb med tilbod for born og vaksne. 

Klubben vart stifta i 1979 og A-laget har vore aktive i seriespel sidan 1980. Seniorlaget består stort sett av gutar/menn frå kommunen som tidlegare har spelt saman i Bryne FK. A-laget speler i 4. divisjon.

Barnegruppa har tilbod for born frå det året dei fyller fem til det året dei fyller 12. Mottoet for barnegruppa er å vere eit "NATURLEG SAMLINGSPUNKT FOR KRINSENS BARN. HER ER ALLE VELKOMNE OG ALLE SKAL VERE MED"

Klubben held til på Rosseland og speler heimekampane på Rosselandsbanen. Klubben held på å byggja nytt klubbhus ved banen, det vil vere mogleg å leie selskapslokale her frå sommaren 2015.

Klubben er interessert i dugnadsjobbing og har alltid plass til fleire støttespelarar og supportarar.
Ta kontakt!
styret@rosselandbk.no
post@rosselandbk.no