Bryne Næringsforening og Brynes Vel

KRIK LYE

Telefon 47644120 Område Lye
Nettside http://www.kriklye.blogspot.no Adresse Kvartsvegen 7, 4340 Bryne
E-post

Kvar fredagskveld blir det arrangert KRIK samlingar i Lye hallen. Me har heile fire ulike aldergrupper, KRIK junior( 5-7 kl),  KRIK ung (8-10 kl, KRIK vgs (vgs - > 25år)  og KRIK senior (25år +). For juniorane og ungdommane har me ein del ulike leikar, staffetar, ballsportar og andre aktivitetar, medan for dei eldre går det stort sett berre i fotball. I tillegg til dette består kvar samling av ein kort liten andakt. For oss er det viktig å spreie bodskapen om Guds herlegdom.
Me ynskjer alle hjarteleg velkommen til KRIK samlingane på Lye, og håpar du er klar for ei kjekk og svett treningsøkt saman med gilde folk!! Talast :)

Partalsveker - junior og senior
19.15 - 20.30 - junior
20.30 - 21. 30 - senior

Oddetalsveker - vgs og ung
19.15 - 20.30 - vgs
20.30 - 21.30 - ung