Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Tu Skulekorps

Telefon 93012692 Område Kåsen
Nettside http://www.tu-skulekorps.no Adresse Lalandsveien 410 , 4341 Bryne
E-post

Å spela i korps er for mange starten på ei lang musikalsk reise. Her legg ein grunnlaget for musikkforståelse, kunnskap om noter og samspel. For nokon vert dette eit livslangt engasjement, for andre ei ballast dei tek med seg vidare inn i nye samanhengar.

Vinner av Idol 2011 Jenny Langlo spelte sjølv saksofon i skulekorps i sju år. Sjølv om ho no satsar på song og gitar, seier ho at det var i korpset ho byrja å utvikla seg musikalsk. Det viser igjen at det ligg mange års innsats og arbeid bak det å prestera og vera dyktig i noko, enten det er innan musikk eller idrett.

Mitt ønske med å starta Tu skulekorps var å skapa eit musikk- miljø i bygda vår. Det starta med ein gjeng elevar på barnetrinnet. Nå har me medlemmar heilt opp i vidaregåandeskule som har valt å bruka fritida si på musikk. Det er flott! Det er utruleg gildt å få dela interessa si med andre. Det å få vera ein dør- opnar til musikken for barn og unge gjer meg inspirasjon til å arbeida vidare.