Festivalopning: "Haugtussa i det 21. hundreåret"

Stad: Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek
Pris: 100 kr. Førehandssal på Vipps (Garborgsenteret #140789)
Her finn du arrangementet på Facebook
Arrangør: Garborgdagar

Er verkeleg Arne Garborgs Haugtussa evig aktuell? Og korleis blir den 124 år gamle diktsyklusen forstått, brukt og framført i dag?

Under festivalopninga for Garborgdagar er hovudgjesten Amalie Skram-prisvinnar Aasne Linnestå. Ho gav ut det Haugtussa-inspirerte diktverket HU våren 2018. Linnestå framfører HU gjennom opplesing, song og kveding.

Etterpå snakkar ho med forfattar og psykolog Peter Strassegger om Haugtussa som inspirasjon, om staden som blir verkeleg i språket, om ein moderne psykologisk forståing av Veslemøy og korleis draum og fantasi kan hjelpa oss å møta eksistensielle kriser i livet. 

Erle Braut Ueland (song) og Per Olav Egeland (piano) set tonar og stemning til kveldens tema.

Velkommen til Garborgdagar!

Arrangementet er støtta av Norsk Forfattersentrum og Norsk kulturfond / Kulturrådet.
Foto: Adrian Nielsen