Granem | konsert

Arrangørar: Garborgdagar og Mellombels
Pris: 250 (+ avgift)
KJØP BILLETT

Av og til lyttar dei på Mellombels på ny musikk og tenker «dette må me få til Bryne». Det var det dei tenkte då dei høyrde debutskiva til Granem i fjor. Og endeleg har dei funne ein passande plass til denne fabelaktige visefolksongaren i programmet sitt. Under Garborgdagar 2021 kjem han i duoform med Einar Stenseng på tangentar for å framføra desse låtane og høgst sannsynleg nokre nye låter.

Granem er musikkprosjektet til Frode Granum Stang. Han syng på norsk, og formidlar ein djup kjærleik til naturen. Tekstane tek elles for seg utanforskap, einsemd, vennskap, liv og død. Debutalbumet Solstreif, som kom i 2019, blei møtt med strålande kritikkar. Helge Skog i Feedback/iTromsø trilla ein særs sjeldan seksar og kåra albumet til årets beste norske album og tiårets tredje beste norske album!

Om referanser skal nemnast, så nikkast det både musikalsk og tekstleg i retning av Wovenhand, Stein Torleif Bjella, In Gowan Ring, Allan Edwall, Erik Bye, Steve Reich, Hans Børli og sjølvsagt Tor Jonsson.

Garborgdagar 2021 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Rogaland forfatterlag.