Det var ein gong - som i eit eventyr

Førestilling med musikk, dans og teater:

 

Hadde livet vore enklare dersom du var ein del av eit gammalt eventyr? Skulle du ynskja at det fantest gode fear som kunne hjelpa deg ut av alt som er vanskeleg? Har du nokon gong hatt lyst til å lata som om du er noko anna enn det du eigentleg er? Har du hatt lyst til å stikka av frå alt det du må, men ikkje orkar, - og har du hatt behov for å skjula noko du ikkje vil at nokon skal få vita?

 

Dersom svaret på dei siste spørsmåla er ja, så kan det vera greitt å vita at du ikkje er aleine. 


Me vil fortelja ei forteljing utanom det vanlege, men det skulle ikkje forundra oss om du kjenner deg igjen likevel...

 

Manuset, og alt det du ser på scenen, er det oss i tiande klasse i Time kulturskule som står bak. Velkommen.