Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Klassikarar på fire minutt. Garborg spesial

Stad: Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek
Pris: 200 kr. Førehandssal på Vipps (Garborgsenteret #140789)
Her er Facebook-hendinga for arrangementet
Arrangør: Garborgdagar

Hjelp for deg som ikkje har lese Jærens store son, men som ønsker å lyga om det
Kvar veke på NRK P1 går Janne Stigen Drangsholt, Bjørn Olav Skjæveland og Per Øystein Kvindesland gjennom ein klassikar på fire minutt, slik at me i selskapslivet kan lata som me har lese dei. 

I høve Garborgdagar har dei sett saman ei spesialsydd forestilling som i tillegg kan hjelpa dei som ikkje har lese Jærens store son, men som ønsker å lyga om det. 

Trioen går òg gjennom spørsmål som kva er ei klassikar, kven les klassikarar og kvifor ønsker me å gje inntrykk av å ha lese desse bøkene? Serien finst òg som podkast under tittelen "Kjente bøker på fire minutter".

Garborgdagar 2019 er støtta av Norsk kulturfond / Kulturrådet.