Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Cornelis Vreeswijk tribute på Mandiustunet

Knapt nokon artist har blitt meir elska, knapt nokon meir kritisert. Men einkvar nachtspiel-gitarist med respekt for seg sjølv har ein eller fleire av låtane hans på repertoaret.
I 1987 døydde multikunstnaren Cornelis Vreeswijk, bare 50 år gammal.
 
Dette blir ein kveld med slagarane frå Vreeswijk sitt store repertoar, med trubadur Kjell Haave, Rasmus Sand, keyboard, Knud Knudsen, bass, og Tommi Haukland på trommer.
 
Inkludert i prisen er stor buffet med 3 varmrettar basert på lokale råvarer, samt dessert & kaffe/te. Det er sal av vin, øl og mineralvatn. Me tek alle kort.
Pris for mat og konsert er 750,- + gebyr
eller bestill på mail: torill@mandiustunet.no
 
Dette er den ultimate presangen, og om du ønskjer gavekort til dette arrangementet ta kontakt med: edel@mandiustunet.no
så sender me faktura.
 
Eit kjempefint høve for små bedrifter/foreiningar å samlast.