Helge Torvund og SteinlyZ

Stad: Time bibliotek, 1. etasje
Pris: 300 kr. Førehandssal på Vipps (Garborgsenteret #140789)
Her er arrangementet på Facebook
Arrangør: Garborgdagar

Helge Torvund kjem til Garborgdagar med eit foredrag han har kalla "På Trollkneet. Eit møte med Garborg gjennom brev og dagbøker". Han har signalisert at han vil gå på jakt etter det poetiske. 

Etter foredraget speler det Ogna-baserte orkesteret SteinlyZ svevande instrumentalmusikk på nynorsk. Musikken buktar seg mellom folk, rock og jazz. Låtane har namn etter dikt av Torvund. 

Helge Torvund har skrive bøker i mange sjangrar sidan debuten i 1977. Håbuen er blitt ein av landets mest folkekjære diktarar og blei heidra med den gjeve Dobloug-prisen av Svenska Akademien i 2018.

Garborgdagar 2019 er støtta av Norsk kulturfond / Kulturrådet.