Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Heimfødingar | Odveig Klyve og Bjørn Arild Ersland

Stad: Mellombels
Pris: Gratis
Arrangør: Garborgdagar, med støtte frå Rogaland forfattarlag.

Opplesingar med Odveig Klyve og Bjørn Arild Ersland

Heimfødingar er eit konsept kor publikum på Garborgdagar kan bli kjende med nokre av dei lokale forfattarstemmene, og få augo opp for litteraturen som blir skriven i Rogaland i dag.

Odveig Klyve er opprinneleg frå Hardanger, men har i mange år vore busett i Stavanger. Ho har skrive meir enn tjue bøker sidan debuten i 1993, både barnebøker, lyrikk, dramatikk og prosa. Ho har også skrive filmmanus.

Bjørn Arild Ersland bur i Stavanger, og er oppvaksen i Mandal. Han har skrive over tretti bøker sidan debuten i 1999, og er aktuell med romanen Bekken.

Konferansierar er Peter F. Strassegger og Ørjan Zazzera Johansen.

Foto, Bjørn Arild Ersland: Jonas Ersland
Foto, Odveig Klyve: Tove Elin Berg

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.