Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Stein Torleif Bjella

Stad: Storstova
Pris: 350 kr
Arrangør: Storstova
KJØP BILLETT

Konsert med ein av dei fremste visekunstnarane i Noreg på Arne Garborg sin bursdag!
Stein Torleif Bjella slo gjennom med eit brak med debutalbumet Heidersmenn i 2009. Plata vart særs godt teke imot og fekk to Spellemann-nominasjonar.

Frå sitt utsynspunkt i Øvre Ål i Hallingdal fekk han ord på seg for å vera talsmann for dei tallause tause mennene i bygd og by. VG meinte «… vi snakker om tekster med brodd, fulle av søkende, usikre og ensomme skikkelser, formidlet via en røst like sår og unnskyldende som den er hjertevarm og inderlig».

Med dei neste platene, Vonde visu og Heim for å døy, gjorde han seg fortent til Prøysenprisen, Bendiksenprisen og Edvard-prisen i klassen «Tekst og musikk». Bjella si siste utgiving var ikkje eit album, men diktsamlinga Jordsjukantologien. Me kan la forordet til den stå som forord til konserten hans i Storstova òg:

Det er berre to tragediar i livet:
Tap av kjæraste og jordskifte.

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard