Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Politikaren Arne Garborg | Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Stad: Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek
Pris: 100 kr (gratis for medlemmar av Jæren Senioruniversitet). Billettsal i døra
Arrangør: Jæren Senioruniversitet, Garborgdagar

Politikaren Arne Garborg: Samfunns- og kultursyn i Kristiania-romanane og i politiske artiklar på same tid og seinare. Foredrag ved Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger. Han er ein aktiv forfattar, essayist og foredragshaldar, og ein framståande kjennar av Arne Garborg sin forfattarskap. Han tar for seg Garborg sine Kristiania-romanar frå 1883 til 1891 (Bondestudentar, Mannfolk, Hjå ho mor og Trætte Mænd), og ser på samanhengen mellom diktaren og politikaren Arne Garborg. Nicolaysen viser korleis Garborg samlar kunst, kultur og samfunn i eitt grep.

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.