Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Siri Kalvig: Greier Rogaland det grønne skiftet?

Stavanger har vore Norges oljehovudstad i over førti år. Ein svært stor del av arbeidsplassane i Stavanger og Rogaland er avhengige av oljå. Nå må me omstilla oss, både fordi me treng meir fornybar energi og fordi regionen har bruk for fleire økonomiske bein å stå på. Korleis kan Stavanger og Rogaland klara skiftet frå oljehovudstad til reint energilaboratorium? Siri Kalvig, sjef for det nye statlege klimainvesteringsfondet Nysnø, gir sine vurderingar av kor me står, og kva som må til for å lukkast. 

Siri Kalvig (f. 1970) frå Stavanger er utdanna meteorolog og vart kjend som vêrmeldar på TV2. Ho har vore administrerande direktør i vêrvarselselskapet Storm Weather Center, som vart etablert i 1997. I 2014 tok ho doktorgraden i offshoreteknologi ved Universitetet i Stavanger. Frå 2018 er ho administrerande direktør i det nyoppretta statlege klima-investeringsfondet Nysnø, som held til i Stavanger.

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,- . Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.