Festivalopning: Kolbotnbrev | Torbjørn Berglund Eriksen

Stad: Garborgsenteret/Time bibliotek, Storsalen
Pris: 200 / 250 kr (inkl. Skriv deg til mor, Hulda)
Arrangør: Garborgdagar
KJØP BILLETT

Torbjørn Berglund Eriksen les utdrag frå Arne Garborgs essay

Kolbotnbrev (1890) er Arne Garborgs mest sprelske bok. Ho er forma som ei samling brev forfattaren tidlegare hadde sendt til avisa Fedraheimen. Dei er skrivne på Kolbotn i Tynset, der han og Hulda budde frå 1887 til midt på 90-talet. Med humor og energi fortel Garborg om korleis det er å mista jobben, gifta seg, bli far, eiga ein ustyrleg hund og ikkje vera så god til å gå på ski. Han skildrar også nokre av sine første angstanfall og korleis han forsøker å trøysta seg med konjakk.

Torbjørn Berglund Eriksen er frilansskodespelar frå Stavanger. Han har vunne Heddaprisen to gonger, sist i 2015 for hovudrolla i Hamlet på Rogaland teater. Han er også komponist. Under Garborgdagar 2019 las han Den bortkomne Faderen, og reiste etterpå på turné med oppsetjinga.

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.

Foto: Stine Rommetveit