Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Julekonsert - Epistelkonsert - Reianes, Myrås & Reienes

Denne jula ønskjer me velkomen til Epistelkonsert på Mandiustunet. I år formidlar Reianes og Myrås epistlar rundt forteljingar om dei tre vise menn. Kven var dei, kvar kom dei frå og korleis i all verda fann dei vegen heim når dei ikkje lenger hadde nokon stjerne til å vise veg?
Epistelkonsertane har til hensikt å varme sjela og dvele ved tankekors. Dei musikalske innslaga vil vera ein kombinasjon av tradisjonelle julesalmar og nyskriven musikk og tekst. Opplesing av Svein Erik Reienes.
 
Inkludert i prisen er stor buffet med 3 varmrettar basert på lokale råvarer, samt dessert & kaffe/te. Det er sal av vin, øl og mineralvatn. Me tek alle kort.
Pris for mat og konsert er 750,- + gebyr.
Eller bestill på mail: torill@mandiustunet.no
 
Dette er den ultimate presangen, og om du ønskjer gavekort til dette arrangementet ta kontakt med: edel@mandiustunet.no
så sender me faktura.
 
Eit kjempefint høve for små bedrifter/foreiningar å samlast før jul.