Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Sven Undheim - Maleri og keramikk. Salsutstilling

Bryne kunstforening arrangerer salsutstilling med keramikk og maleri av Sven Undheim.
Det er truleg den siste større utstillinga som kan tilby kunstverk for sal av den kjente Jærkunstnaren. Undheim har hatt ei rekkje separatutstillingar og er innkjøp av Nasjonalmuseet og Norsk kulturråd og delteke på Haustutstillinga, Vestlandsutstillinga m fl. Han er representert i Hild Sørbys kjente bok om Jærmalerne fra 2018.

Sven Undheim (1950-2002) var utdanna keramikar ved Statens håndverk- og kunstindustriskole. Han utdanna seg vidare innan maleri i Belgia, men utvikla seg seinare meir og meir som teiknar. Keramikk, maleri og teikning, dei tre uttrykksformene har den same gåtefulle stilistiske spenninga kor markante flater og geometriske figurar former landskap ofte med vibrerande horisontliner.

Enkle stiliserte jærhus går ofte igjen i Undheims arbeid. Utan vindauga og dører, nakent og lukka aleine i eit mennesketomt landskap. Undheim vaks sjølv opp i eit Jærhus på Høgjæren med vidt utsyn, mest det same synet som Arne Garborg hadde frå Knudaheio hundre år tidlegare. Fleire har peikt på at det kanskje er ei kobling mellom dei to kunstnarane, begge hadde eit komplisert kjærlighetsforhold til Jæren, begge reiser ut i verda, begge kjem attende og skaper kunst av dette landskapet som dei er så prega av.

Poetisk minimalist var Undheims prøvande karakteristikk av seg sjølv, men var elles forsiktig med å gi tolkningar av sine verk.

I katalogen til Undheims utstilling på Hå i 2005 har kunstnar Cathrine Hansen  skrive om Undheims kunst og henta inn korte utsagn og omtaler:

Sven bygget opp minnet om et hus og rammet det inn i en høy himmel
- Tro Magne Gundersen

Sven greide å forenkle sine indre og ytre landskap og hus ned til et konsentrat, samstundes som det lukta av gras og hav
- Gunnar Torvund

For meg handlar Sven sitt kunstnarskap om ein estetisk varhet kombinert med eit stort alvor, kompromisslaust går han inn i sine livsgåter. Det han finn støyper han om til bilete med klar, gåtefull og allmenn form
- Jens Erland