Bryne Næringsforening og Brynes Vel

snakk! om mørke i mørketida

Nokon er kanskje mørkredde medan andre meiner mørke har fått eit ufortent dårleg rykte.

Men kva veit du eigentleg om mørke?

Dette arrangementet passar for dei som ønsker å forstå seg betre på kva mørke er, både frå eit vitenskapeleg og psykologisk perspektiv. Det vil òg by på nokon life hacks å møte mørketida med.

Serina F. Sikveland og Camilla G. Hagevold vil i samtale med snakk! dissekera fenomenet mørke, og bibliotekar, Helene Nord-Varhaug, vil avrunda med å lesa nokon utdrag om mørke for oss.

Serina F, Sikveland er psykolog. Camilla G. Hagevold er naturfagslærar og driv blant anna bloggen, skulevegen.no. Ut i frå sine posisjonar vil dei dela tankar, refleksjonar og tips om mørke og mørketid. Samtalen vil bli leia av Lillian Utne Skjæveland.

(Arrangementet er gratis men me ber om eit bidrag på 30-50 kroner så me kan halde fram å lage gode arrangement)