Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Sesongopning: Husmannsplassen Træe på Line

Træe (av trede) er husmannsplass og kårstove frå ca 1780. Det er truleg det mest malte og fotograferte huset på Jæren.

Huset er eit jærhus som var i bruk fram til like etter 1900. I 1997 vart huset gjennomgåande restaurert og fungerer i dag som museum.
 
Opningstider
Ope alle sundagar i perioden f.o.m. 2. juli t.o.m. 13. august, kl.13 - 16.

 Inngang
10 kr for vaksne, 5 kr for pensjonistar og studentar, alle under 18 år går gratis.

Meir om Træe
Træe (av trede, plass å gå), husmannsplass og kårstove under garden Line, er frå ca 1780. Det var i bruk til like etter 1900. Huset vart gitt til Time kommune i 1951. I 1997 vart det gjennomgåande restaurert, og framstår i dag nær opp til det opphavlege. Træe er eit jærhus med møneretning s-a/n-v, som skikken var. Den lafta firkantstova er sværtliten, ca 3,5x3,5m. Kjøkenet har grue og jordgolv, og i grua er det gjennomgang for bileggaren i stova. Taket har handlaga panner. Materialbruken i denne typen hus var elles prega av sparsam bruk av tre, det var stein og halmkledning , halje, og never med grastak som utgjorde byggemateriala. Stova var gjerne av tømmer, mens endane var grind med steinmur. Høyløa i forlenginga av Træe mot s-a har grind-konstruksjon. Fjøset er innbygd i bakken, med landkum og plass til to kyr. Husmannsvesenet hadde litt andre dimensjonar på Jæren enn elles i landet. I 1875 var det 54 husmenn i Time, i 1920 var det bare 3 igjen. Træe ligg like ved RV 44 sør for Bryne, og seiest å vera det mest fotograferte og malte huset på Jæren.