Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Ein arbeidskvardag utanom det vanlege

Kva er nødhjelpsarbeid? Og kvifor bestemmer nokon seg for å drive med nødhjelpsarbeid?

Kanskje har du fordommar, preoppfatningar eller ganske enkelt lurer på kva det vil seie å vere nødhjelpsarbeidar?

Kom på Mellombels onsdag 25. september for å lære meir om ein arbeidsdag utanom det vanlege. Peter Thunheim er jærbuen som jobbar i leger uten grenser. Arbeidsportrettet vil by på spanande innblikk og nye perspektiv.
 

Thunheim vil halde ein kort presentasjon om arbeidet og oppdraga han har delteke på, som vil bli etterfulgt av samtale med Dan D. Daatland, førsteemanuensis i samfunnsfag og leiar av snakk! Lillian Utne Skjæveland.