Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Snakk! Debatt om kulturlivet i Time

Stad: Mellombels ølstove
Pris: Gratis
Her finn du arrangementet på Facebook
Arrangør: Foreininga Snakk!

Ta kulturdebatten! Kva bør Time kommune gjera for den lokale kulturen?
Kommunen har i oppgåve fremma og legga til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd. Våre eigne, lokale folkevalde bestemmer korleis det skal gjerast. Kommunestyret skal snart vedta ein kulturplan som gjeld heilt fram til 2027. Det er med andre ord eit godt tidspunkt å ha ein lokal kulturdebatt på.

Kultursjefen har kome med eit forslag til kulturplan. Det er dette forslaget panelet denne kvelden skal debattera, med vekt på dei tre satsingsområda kultusjefen har foreslått. Ei av satsingane er å utvikla prosjektet «Haugtussa-veka» for å løfta arven etter Arne Garborg vidare.

Nokre av spørsmåla me kjem til å stilla, er følgjande: Kva slags liv skal fylla Storstova, og korleis skal ho bli fylt av dette livet? Treng Time endå ein Garborg-relatert festival? Kva skal ein med kultur i naturen? Kan ein gjera nokon grep i planen som kan gjera han endå betre for det lokale kulturlivet?

Debattpanelet består av: 
- Iren Førland (Unge Spor)
- Bjørn Hagerup Røken (Ranglerock, Mellombels)
- Inger Undheim (Garborgsenteret)
- Svein F. Hestvaag (Kvernalandspatriot, forfattar)
- Andreas Vollsund (Time Høgre)
- Michael Evans  (Time SV)
Kultursjef Trond Lie skal ha ei innleiing.

Ordstyrar er Kristine M. Stensland frå foreininga Snakk!

Garborgdagar 2019 er støtta av Norsk kulturfond / Kulturrådet.