Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Snakk med og om Jærbladet

Denne kvelden får Snakk besøk av Kirsten Marie Myklebust, redaktør i Jærbladet. Då skal ho, som er så van med å stilla spørsmål, få vera den som svarer.

Spørsmål me kan tenka oss å stilla, er til dømes: Korleis er ei vanleg veke i Jærbladet? Korleis finn dei saker? Kva skal til for at eit tips skal bli til ei sak? Korleis er det å vera både nettavis og papiravis? Kva utfordringar møter dei? Og kvar håper redaktøren at vegen går vidare?

Det er Kristine M. Stensland som skal snakka med Myklebust. Har du innspel til kva ho bør spørja om, kan du senda Snakk ei melding på Facebook. Elles vil det også bli opna for spørsmål mot slutten av samtalen.

Arrangementet er som vanleg gratis, med høve for å gje kollekt til Snakk! via Vipps.