Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Utstillingsopning | Kenneth Varpe

Stad: Bryne Mølle
Pris: Gratis på opningsdagen, elles vanleg inngangsbillett
Arrangør:  Bryne Kunstforening og Rogaland Kunstsenter

Utstillingsopning og kunstnarsamtale med Kenneth Varpe

I etterkant av utstillingsopninga vil kunstnaren samtala med kunsthistorikar Helga Nyman, dagleg leiar ved Rogaland kunstsenter.

Kenneth Varpe er oppvaksen på Klepp og er utdanna kunstnar frå Grays School of Art & Design og Chelsea College of Art & Design. Han arbeider ba?de med video, teikning, objekt og installasjonar, men har dei siste a?ra konsentrert seg om måleriet, der han kombinerer formale og mimetiske betraktningar i undersøkinga av forholdet mellom materiale og motiv, avbildinga og det avbilda. Varpe sin kunst vert vist i Bryne kunstforeining til 23. februar.

Nyman er ein svensk kunsthistorikar busett i Stavanger. Ho har studert kunst- og arkitekturhistorie ved Linköpings universitet og Universitetet i Bergen, og har ein mastergrad i spesialisering i samtidskunst. Ho har arbeidd med formidling og publikumsutvikling ved fleire museum og vore aktiv som kurator. Ho foreles om samtidskunst, med særleg interesse for offentleg- og stadsrelatert kunst, kunstteori, estetikk og feminisme.

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.