Kristian Steinnes: Brexit ? kvifor, korleis og kva nå?

Storbritannia sitt forhold til den europeiske integrasjons-prosessen i etterkrigstida er ei historie om spenningar og ambivalens. Heilt sidan «leave»-sida gjekk sigrande ut av folkerøystinga sommaren 2016 har Brexit prega britisk og dels også europeisk politikk og samfunnsdebatt. Brexit er ei stor og utfordrande sak. Sentrale spørsmål i foredraget er: Kva betyr Brexit for Storbritannia - og for Europa? Kva har skjedd, kor står saka, og kva er vegen vidare? Foredraget vert halde dagen før Storbritannia går ut av EU

Kristian Steinnes (f. 1963) frå Finnøy er professor i moderne europeisk historie ved NTNU i Trondheim. Han har vore opptatt av politiske og økonomiske prosessar i Europa i det 20. hundreåret, med eit særleg blikk på perioden etter 1945. Hans ekspertise knyter seg mellom anna til den europeiske integrasjonsprosessen, EU og Storbritannia.

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,- . Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.