Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Min Garborg. Den såre striden - vinter med Garborg | Ingrid Z. Aanestad

Stad: Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek
Pris: 100 kr
Arrangør: Garborgdagar
KJØP BILLETT

Den såre striden – vinter med Garborg. Foredrag ved forfattar Ingrid Zachariassen Aanestad

Aanestad skildrar "Min Garborg"-foredraget  sitt slik: "I mitt føredrag flyttar eg til eit kaldt hus med Arne Garborg som følgjesslagar. Han liknar på den Garborg eg snakka om då eg som 16-17-åring viste turistar rundt i Garborgheimen og Knudaheio. Men noko har endra seg, med tid og lesing. Kan han læra meg noko om kvit snø, svarte netter, om korleis skapa seg ein heim og eit skrivande «eg» som virkar når tidene endrar seg?"

Forfattar Ingrid Z. Aanestad (f. 1983) er oppvaksen i Klepp og busett i Oslo. Ho debuterte med romanen I dag er ein fin dag i 2006 og har skrive seks romanar. I 2012 mottok Aanestad Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend.

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune og Norsk forfattersentrum.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.

Foto: Cato Lein