Grønt Snakk! om fly, bleier, hagar m.m.

Me har invitert fire personar som på kvar sine vis har valt å leva eit grønare kvardagsliv.


VIKTIG MELDING: Av omsyn til smittevernet, må alle som kjem, reservera plass på førehand. Det gjer de ved å senda ei melding til Snakk eller Mellombels på Facebook. Oppgje namn og e-postadresse. Dersom de kjem frå same husstand, er det også relevant informasjon. Er du utan Facebook-konto kan du skriva til bjorn@mellombelsolstove.no


Sånn, då var det sagt. Ja, og så sjølvsagt: Hugs meteren og handhygiene. Tilbake til det som er interessant her:
Ingvald Erga er fagansvarleg for ytre miljø på flyplassen og permakulturbonde (Kva er det for noko? Nei, det forklarer me ikkje her, kom og høyr om det i staden!)


Ellinor Madland er eldsjela bak organisasjonen «Rydd Gjesdal». Når ho har bursdag, inviterer ho venar til søppelplukking.
Kristina Frøiland Svare er biolog og brenn for insektvenlege hagar. For tida er ho heime med babyen sin, og ho har opparbeidd seg solid kunnskap om tøybleier.


Guro Halvorseth Time starta den populære Facebook-gruppa «Byttoteket Bryne».


Me skal snakka saman om kva dei gjer, kvifor dei gjer det, og om korleis kvardagen kan bli litt grønare.


Til slutt vil det bli høve til å utfordra smakslaukane med ei lita smaksprøve som passar til temaet.


Arrangementet er gratis