Trette menn-marsjen 2023 // Vandring i Garborgs rike

Namnet speler på Arne Garborg sin roman Trette menn frå 1891. Boka tek føre seg vandring på mange plan, i bygater og vandring i tankar og kjensler. Trette menn-marsjen speler på tittelen i konkret forstand: me går oss gjerne trøytte.

På bussturen til Snorestad står Garborgsenteret for litterært påfyll. Marsjen startar der Arne Garborg var gjetar i barneåra sine. Turen går i fantastisk flott jærlandskap til Lauvlia, via husmannsplassen Skogen til Bjødnalia og ned gjennom den vakre Urdådalen i Sælandskogen. Turtraseen vert tilpassa vêret. Vert det glatt føre, går me ei alternativ rute.

Årets Trette Menn-marsj er om lag 10 km. Me går hovudsakleg i lettgått terreng, men ein bør vera god i å ”fota seg”. Basert på lengd og stigning er turen klassifisert som “middels” i vanskegrad. Merk at terrenget kan vera blautt eller glatt. Gode fjellsko krevst, og klede etter vêret. Alle pausar vert haldne utandørs. Ta med sitjeunderlag og niste.

NB! Det er ikkje mogleg å parkera private bilar på Snorestad.
Turen varer 4-5 timar.

Tid: Sundag 29. januar kl. 10.00
Stad: Bryne busstasjon
Pris: 150 – inkl. busstransport t/r
Busstransport t/r Bryne er inkludert i prisen. Maks 45 deltakarar.
Bussen korresponderer med tog frå Stavanger og Egersund.
Arrangementet på Facebook

Arrangør: Jarle Skjæveland i samarbeid med Garborgdagar.