maskin MONUMENTAL ? ei utstilling med Kay Arne Kirkebø og Tom Galta

Me gler oss over å kunne opne dørene att til haustens første utstilling med Kay Arne Kirkebø og Tom Galta. 

Arkitektur er ein fellesnemnar for begge kunstnarane. Mens Kay Arne Kirkebø har detaljrike teikningar av futuristiske bymaskinar, er Tom Galta i sine fotografi frå landbruksmiljø vend mot det grove og brutalistiske uttrykket.

Kay Arne Kirkebø (f.1979) bur og arbeider i Bergen. Han har ein mastergrad i kunst (2014) fra Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Kirkebø jobbar hovudsakelig med teikning i bilde, -video og –bok/fanzine format. Han har hatt utstillingar i Noreg og i utlandet og fått ei rekke prisar for sine verk Kirkebø har også delteke i Haustutstillinga og publisert fleire bøker og andre publikasjonar.
       

Tom Galta har hovedfag fotografi med utdanninga frå Mancherster Metropolitan University og Kunsthøgskulen i Bergen. Han har hatt fleire separatutstillingar og delteke i gruppeutstillingar. I 2010 var han representert på Haustutstillinga.

Les meir på våre nettsider https://www.brynekunstforening.no/2020/kirkebogalta