Ove Njå: Kan me føla oss trygge i tunnelane?

Mot slutten av 2019 opnar Ryfast, fastlandssambandet mellom Nord-Jæren og Ryfylke med til saman over 20 km undersjøiske tunnelar. Samstundes er arbeidet i gang med Rogfast, som skal binda Nord- og Sør-Rogaland saman. Boknafjordtunnelen blir den lengste undersjøiske tunnelen med sine 26,7 km. Mange er skeptiske til å køyra gjennom så lange tunnelar, og konsekvensane av ein brann eller andre former for ulukker kan bli dramatiske. Kva tiltak blir gjort for å gjera den undersjøiske trafikken så trygg som mogleg?

Ove Njå (f. 1963) frå Kvernaland er professor ved Universitetet i Stavanger (UiS) tilknytt fagmiljøet risiko-styring og samfunnstryggleik. Spesialområda som han forskar og underviser i, er risikoinformert styring, beredskapsplanlegging, krisehandtering og ulukkesgransking. Njå har også erfaring frå ingeniørarbeid i byggebransjen og petroleumsindustrien. I dag leier han forskingsprosjektet «Kapasitetsløft – tunnelsikkerhet», som skal pågå fram til 2023. 

**********************

JSU sine møte er på Time bibliotek med start kl. 11.00. Medlemmer i JSU går gratis, andre betaler kr 100,- . Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.