Utstilling: Song i stein, bøn i bronse, poesi i pleksiglas | Gunnar Torvund/Helge Torvund

Opning av kunstutstilling med Gunnar Torvunds poetiske skulpturar og Helge Torvunds skulpturelle poesi

Gløym det du har lært, dette er ikkje ei vanleg utstilling. Bryne kunstforening inviterer publikum til å bruka alle sansar for å finna fram til si eiga oppleving av sentrale verk til ein av Noregs mest kjende kunstnarar. Kjenna, lukta, sjå og høyra. Gunnar Torvund var nyskapande og grenselaus i val av materiale og materialkombinasjonar. Dette er innfallsvinkelen til kunstnarane Håvard Sagen, Matt Bryans og Helene Kjær Bremseth som i samarbeid med kurator Ragnhild Aamås har heidra Torvund med ein spesiallaga utstillingsarkitektur. Tekst var også eit viktig material for Gunnar Torvund og han arbeidde over tid saumlaust med bror og poet Helge Torvund. Han såg på sine arbeid som sine «teikn», sitt eige språk som han inviterte publikum til å lesa på sin måte.

Arrangørar: Bryne kunstforening, Garborgdagar og Hå kommune.

Gratis inngang.

Påmelding på e-post til brynekunstforening@gmail.com

https://www.brynekunstforening.no/2022/torvund