Julekonsert med Kjell Inge Torgersen

Den kulturelle spaserstokken i Time har i år invitert Kjell Inge Torgersen til å halda fire julekonsertar.

Torgersen framfører sine heilt eigne versjonar av musikken som både er kjent og kjær – og tilbyr overraskingar til publikum. Torgersen er også kjent som ein framifrå formidlar og forteljar, noko som gjer ein julekonsert med Kjell Inge Torgersen til noko heilt utanom det vanlege. 

Gratis inngang på alle konsertane, opne for alle.

Turneliste, Time kommune:
13. desember kl. 10.30: Julekonsert med Kjell Inge Torgersen, Kvernaland omsorgssenter
13. desember kl. 12.30: Julekonsert med Kjell Inge Torgersen, Sivdamheimen
18. desember: kl. 10.30: Julekonsert med Kjell Inge Torgersen, Bryneheimen
18. desember kl. 12.30: Julekonsert med Kjell Inge Torgersen, Sivdammen velferdssenter

Arrangør: Den kulturelle spaserstokken i Time med støtte frå Rogaland fylkeskommune