Min Garborg // Garborgforedraget ved Edvard Hoem

Under Garborgdagar vert forfattarar og markante personar invitert til å halda foredrag om deira forhold til Garborg. I 2023 held forfattar Edvard Hoem foredraget.

Edvard Hoem debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. Han er fire gonger nominert til Nordisk råds litteraturpris, han har fått statsstipend og mange prisar. I 2014 gav han ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut hausten 2020.

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages heiderspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

Tid: Laurdag 28. januar kl. 13.00
Stad: Garborgsenteret
Pris: kr 200
Arrangør: Garborgdagar
Arrangementet på Facebook