Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Codex, Paulus og Garborg | Tom Egeland og Stein Ødegård

Stad: Time bibliotek
Pris: 200 kr
Arrangør: Garborgdagar
KJØP BILLETT

Tom Egeland og Stein Ødegård i samtale med Peter F. Strassegger

Forfattar Tom Egeland skapte debatt då han samstundes med utgjevinga av romanen Codex i 2018 skreiv ein kronikk der han kritiserte apostelen Paulus, og hans dominerande posisjon i teologien og kyrkjehistoria. Via krimsjangeren sine verkemidlar rettar Codex fokus på den tidlegaste kyrkjehistoria. Peter F. Strassegger fører ein respektfull samtale med Egeland og sokneprest Stein Ødegård, to personar med svært ulike innfallsvinklar til ein felles interesse: Jesus, kristendommen og korleis tidlege heilage skrifter påverkar kulturen vår i dag. Har dette parallellar til debattane mellom Arne Garborg og prestane i si tid, eller har me nå heilt andre teologiske debattar?

Garborgdagar 2020 er støtta av Norsk kulturfond/Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Norsk forfattersentrum og Rogaland forfatterlag.
Stor takk til våre gode sponsorar: Jæren sparebank og Horpestad plantesalg.

Foto, Tom Egeland: Jarli Jordan
Foto, Stein Ødegård: Den norske kyrkja