Haugtussa: Frå dikt til plagg // Presentasjon av Lilleba & Herremann vårkolleksjon 2023

Lilleba & Herremann er ei lita, lokal nisjebedrift i Stavanger som lager nattøy, koseklede og sengetøy i bambusviskose og bomull. Lilleba sitt design og mønster gjenspeglar ofte jærlandskapet. For vårkolleksjonen 2023 har Lilleba-designar Aleksandra henta all inspirasjon frå Arne Garborgs Haugtussa, og utvikla nye design basert på nokre av dei kjendedikta. Eitt av dei nye mønstera i kolleksjonen, «Måneskinsmøyane», er sterkt inspirert av tekstilkunstverket med same namn av Herborg Kverneland og Herborg Larsen, og Aleksandra har samarbeidet tett med kunstnar Herborg Kverneland om å gjenskapa møyane på tekstil.

I lanseringsshowet blir dei nye Haugtussa-plagga vist for første gong, og designaren vil fortelja litt om den kreative prosessen som ligg bak kolleksjonen.

Tid: Laurdag 28. januar kl. 11.00
Stad: Time bibliotek
Pris: Gratis
Arr: Lilleba & Herremann og Garborgdagar
Arrangementet på Facebook