Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Snakk med forfattar Kristin Auestad Danielsen

Dei fleste av oss kjenner nokon som har flytta bort for å studera, for så å flytta tilbake til heimtraktene ferdig utdanna og ferdig utvaksen. Fleire av oss har gjort det sjølve. Ein kjem tilbake som noko anna enn det ein reiste som, samstundes som familie og gamle kjende, kjenner ein som den ein ein gong var. Kjenslene og erfaringane er individuelle. Men ei stor omvelting er det for alle.

I den ferske romanen «Vår vesle» møter lesaren 30 år gamle Mari som flyttar tilbake til heimtraktene etter å ha studert i Göteborg. «Ho, vårt alt, var blitt annleis», konstaterer ein av foreldra i opningskapitlet. «Vår vesle» er ein roman om å starta på nytt og om saknet etter det som aldri blei noko av. Og om å bli overvelda av sjølve livet.

Romanen er skriven av Kristin Auestad Danielsen frå Gjesdal. Ho har det til felles med hovudpersonen i boka at ho også har flytta tilbake etter eit liv som student ein annan stad. På dette Snakk-arrangementet samtaler ho med Kristine M. Stensland, endå ein tilbakeflytta storbystudent, om boka.

«Vår vesle» kan ein også sjå i teaterform på Det Norske Teatret i haust.

Danielsen har tidlegare gjeve ut tre diktsamlingar og ein boksingel. Ho har også skrive fleire teaterstykke.

Arrangementet er støtta av Norsk Forfattersentrum og Samlaget.

Det er gratis å koma inn, men foreininga Snakk! er takksam for kollekt via Vipps.

Foto: Marian Strand