Utstilling // Ottar Karlsen

Ottar Karlsen

Bryne Kunstforening 30.november – 22.desember 2019

Den rue overflata til papiret, ujamnt kutta papir og spor i margane der blyanten har blitt kvesst,  bryt med det glatte og perfekte visuelle reklamespråket og peikar tilbake til handverk og komponentane i teikninga.

Motivkrinsane i teikningane peikar mot vår eiga samtid, med fokus på natur, naturkatastrofar og endringar knytte til naturen. Teikningane handlar om korleis vi stiller oss til desse endringane, kva val vi tek og kva ansvar vi har. Motiva vekslar mellom å ha ein tydeleg samanheng med tematikken nemnd over, og å nærme seg tematikken på meir subtile vis. Tre sveipa av flammar eller bøygde av ein storm peikar mot endringar vi helst skulle vore utan, medan eit einsamt fjell omgjeve av geometriske former ikkje vert knytt direkte til aktuelle hendingar.

Korte tekstar inngår som ein del av teikningane. Tekstane er skrivne av meg og kan minne om reklameslagord, politiske parolar eller poetiske ”one-liners”. Setningane omhandlar luksus, oppfordrar til å eige endringa, og å gjere krav på det som er sitt. Men om alt kollapsar, kva fødselsrett snakkar vi om? Kva endringar blir vi bedne om å omfamne?

Storleiken på teikningane og kombinasjonen av bilete og tekst speler på måten reklamen kommuniserer på. Eit bilete med tydeleg bodskap vert kombinert  med ein tekst som skaper djupn og klangbotn som i kombinasjon skal selje eit produkt eller ein ide. I teikninga sitt møte med teksten vert det skapt eit ambivalent rom som opnar for refleksjon kring vårt forhold til reklame, natur og eigarskapet  til endringane vi ser i naturen i dag. Nøyaktig kva teikningane ber oss om å kjøpe blir verande ukjent.

Ottar Karlsen (1982) født i Hammerfest, bur og arbeider i Oslo.
Han har ein master i kunst frå Kunstakademiet i Oslo. Ottar har blant anna stilt ut på Trafo Kunsthall i Asker, Backspace og Podium i Oslo.  Arktisk Kultursenter i Hammerfest og har delteke fleire år på vandreutstillinga Nordnorsken.

Ope laurdag 12-16 / sundag 13-17.