Kunstutstilling Brynhild Winther

Brynhild Winther "Første utkast/Adolescent outcast"
16.februar - 17.mars 2019

Brynhild Winther er busett i Bergen, men vaks opp på Jæren, og i denne utstillinga får publikum møta hennar første stadsspesifikke arbeid. I ungdomstida gjekk ho ofte på ungdomsdiskoteket i Bryne mølle. I utstillinga ser ho på indiviDUALISME, tenåringsopprør, trass, Wunderbaum, punk, svartmetall, rånekultur, det å gjera val, definera seg sjølv og konstruera si eiga framtid.
Utstillinga er også dedikert til dei som aldri vart vaksne.

Brynhild Winther arbeider til vanleg med teikning, tekst og installasjon, men også med skulptur, foto og ein sjeldan gong måleri. Winther sin kunst kritiserer ofte reduksjonistisk perspektiv og måten verda blir forenkla gjennom språket. Ho jobbar også ofte med dyras individverdi. Men ikkje denne gongen.
Denne utstillinga inneheld hovudsakleg teikning, installasjon, veggarbeid i tekstil og ein tekstilskulptur.

Winther har bachelor og master i kunst frå Kunsthøgskulen i Bergen, KHiB. Ho har tidlegare stilt ut i mellom anna Tegnerforbundet, Høstutstillingen, Tag Team, Oppland
Kunstsenter, JoyForum, Bergen Kjøtt, Ålesund Kunstforening, Gjøvik Kunstforening, i Skotland og Nederland, og er innkjøpt av KORO. Ho skriv også kunstkritikk i bladet Billedkunst.

Meir om kunstnaren finn de her: www.brynhildwinther.no

Utstillinga er produsert med støtte frå Nordic Artists Centre Dale, NKDale, Bergen kommune og Norske Kunstforeninger.