Ola Nordsletten utstilling - Minne frå ulike landskap

Ola Nordsletten: Minne frå ulike landskap. Pastell.

Bryne kunstforening viser ei utstilling som viser minne frå eit rikt kunstnarliv. Livet til Ola Nordsletten starta i Gudbrandsdalen i 1898, førte ham m a til Frankrike og enda på Jæren i 1976.

Nordslettens familie sit att med ei samling av i hovudsak pastellar, som no vert utstilte i Bryne mølle. Vi får oppleva dei ulike geografiske landskapa gjennom kunstnarens auge, men også tidsånda frå tida han var aktiv kunstnar.

Ola Nordsletten var sentral i stiftinga av Bryne kunstforening og vart på stiftingsmøtet i 1955 valt til nestleiar i det første styret. Det er Nordsletten som har teikna logoen til kunstforeninga, ein lyngkvist med vakre blomsterklokker. Han er av mange også kjend og akta som mangeårig lektor på dåverande Bryne gymnas.

Utstillinga står til søndag 12.mai.
Ope laurdag 12-16 / sundag 13-17. Stengd i påsken.