Stian Ravndal og Ørjan Zazzera Johansen gler seg til fotball-EM og snakkar om fotballitteratur.
Hugsar du «Tribunefeber» av Nick Hornby? VM-bøkene til Michelet og Solstad? Har du lese dei fantastiske fotballromanane til David Peace? Og visste du at det finst ei bok som heiter «There’s only two David Beckham»? Kva med «11 mann til angrep» av Max Lundgren? Teikneserieblada Boing og Buster må me òg snakka om. Og kva med biografiane? Sjølvbiografiane? Korleis kan einskilde fotballspelarar, somme knapt i stand til å kombinera subjekt med verbal når dei blir intervjua på teve, framstå som intelligente og reflekterte i bokform?