Kontaktkonferansen 2019: Fritid for alle

Torsdag 14. februar kl. 18.00 vert alle lag og organisasjonar i Time kommune invitert til konferanse i Røde Kors-huset på Bryne.

Kontaktkonferansen vert arrangert kvart år, og er eit treffpunkt mellom politikarar, administrasjon og det frivillige organisasjonslivet i kommunen.

Me håpar på mange deltakarar frå det frivillige organisasjonslivet og dei politiske partia slik at dette kan bli ein inspirerande og interessant konferanse.

PÅMELDING
Påmelding til Stian Langeland innan 11. februar.
Epost: stian.langeland@time.kommune.no eller mob. 908 23 450

PROGRAM
Kl. 18.00 Opning ved Jone Edland, nestleiar i Levekår, Time kommune
Kl. 18.10 Presentasjon av Bryne Røde Kors
Kl. 18.30 «Fritid for alle», v/koordinator Karianne Sørbø, Stavanger kommune. Har alle barn og unge moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar uavhengig av familien sin inntekt/økonomi? Korleis førebyggje utanforskap?
Kl. 19.00 Informasjon om utstyrslageret på Bryne, v/Hilde Birkeland, Bedehuskirken Bryne og Kine Vassbø, Frilager.
Kl. 19.15 Orientering om grasrotfondet til Bryne Røde Kors.

Kl. 19.30 Pause med enkel servering.

Kl. 20.00 Orientering om prosjektet “Alle med i Time” v/Sirwan Saadun og Rosseland Ballklubb.
Kl. 20.30 Informasjon om tilskotsordningar o.l. i Time kommune,
v/fritidssjef Stian Langeland og rådgjevar Ingve Lende.
Kl. 20.45 Avslutning v/Unni Sirevåg Lende, leiar av Levekår i
Time kommune.