Bryne Næringsforening og Brynes Vel

Den bortkomne Faderen - Garborg sitt meisterverk

Stad: Storsalen, Time bibliotek/Garborgsenteret
Pris: 100 kr. Førehandssal på Vipps (Garborgsenteret #140789)
Her er arrangementet på Facebook
Arrangør: Garborgdagar

Ernst Baasland snakkar om Arne Garborg sitt 120 år gamle meisterverk. Innleiing om verket ved Sigbjørn Reime.

Den bortkomne Faderen (DbF) frå 1899 er kanskje det vakraste og mest vemodige skjønnlitterære verket Arne Garborg skapte. Boka er òg ofte ganske nær diktaren si eiga livssoge. DbF er ei bok for verdslitteraturen, meiner Garborgbiografen Rolf Thesen. 

DbF er skriven sommaren og hausten 1899, det meste av arbeidet er gjort i Knudaheio, og det kom ut i bokform 11. november same året. Garborgs emne er det same som opptok han i alle dei seinare bøkene: Å visa religionen og trua innanfrå, her gjennom dei to brørne frå Fred, Gunnar og Paulus - nå Paal Hòve. Nærare det religiøse, formulert i ei skjønnlitterær form, kjem ikkje Garborg. ”Det begynder som en nytestamentlig Parabel og slutter med en Salme”, seier Carl Nærup i ei melding av boka i Verdens Gang 15/11 1899. Den teologiske og filosofiske utlegninga av det Garborg formulerer i dette verket kan me finna i fleire seinare bøker, mest grundig gjort greie for i Jesus Messias, som vart utgitt i 1906.

I form er boka ein dagboksroman på 53 korte kapittel pluss ei kort etterskrift etter oppteikningar gjort av ein heimvend norskamerikanar, Gunnar Hòve, det siste livsåret hans. Boka er kronologisk, men ikkje datert, og den audmjuke og vakre teksten vekslar mellom lyrisk prosa og prosalyrikk. Teksten er forfatta av «skrivaren», og er basert på etterlatne papir, står det i etterskrifta. Det er òg ei anna kort etterskrift, truleg forfatta av Paal, bror til Gunnar. Der vert det fortalt at Gunnar fekk kvila i den grava han hadde sett seg ut på gravbakken, og Paal siterer salmeverset som vart sunge i gravferda til Gunnar.

DbF er ei såkalla fin-de-siecle (fransk: slutten av hundreåret) bok. Den kjem ut like før hundreåret enda; det er tid å gjera opp status for livet og for tida den er skriven til. Enden er like om hjørnet. Det same temaet, ”Heimkomen men ikkje heime” er emne i to Knudaheibrev frå 22. mai og 6. juni 1899; to brev som utdjupar det personlege aspektet ved romanen. Med andre ord: Arne Garborg gjer opp rekneskapen for livet sitt, og for tida: ”Den er skrevet i en Tilstand af Sygdom og Sjæleangst som jeg aldrig har kjendt Magen til;” skriv han til Amalie Skram 27/11 1899. Til Kitty Kielland skriv han 21/1 1900: ”denne Bog var mig en Seier og Befrielse efter lange og vonde Fortvilelser og Mørkheder”.

Den bortkomne Faderen er omsett til heile sju språk.

Sigbjørn Reime

Arrangementet er støtta av Norsk kulturfond / Kulturrådet.

Foto: Kirkens Informasjonstjeneste